For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl-tasten (cmd-tast på Mac) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Kommunikasjon

Story-telling

Enkelte personar og bedrifter fortel historia om seg sjølv gjennom måten dei framstår på. Me lagar fort vår eiga historia når me ser annonser, bygningar, bilar, lokala, dei tilsette osv. Pass på at dine historiar blir framstilt rett...

 

Alle har si eiga historie.

Dette er ofte det einaste unike ei bedrift har. Svært mange av dei som har lukkast er bevisste på si historie og brukar den gjennomgåande. Det er også mange av dei mest vellukka konsepta som er lansert i verda, som har kjøpt seg ei oppdikta historie.

 

Vinnarskalle meiner at ingenting, verken bedrifter eller produkt, skal seljast utan ei historie.

 

Mange tek ikkje hensyn til dette når det legg strategien, vidareutviklar konseptet og kommuniserer både internt og med omverda.

 

Vinnarskalle meiner det er viktig å vita kvar ein kjem i frå, kvifor ein kom til verda, kva har ein lukkast og mislukkast med osv. Dette kan vera med å skapa forståing både hos dei tilsette og kundane om kvifor vi er den vi er, og kva verdiar ein står for og er truverdige på.

 

Ein bank som er stifta i 1860 har mange historier og kultur "i veggene". Noko som kan vera viktig å få fram og ikkje minst ta hensyn til i valg av strategi og kommunikasjon.

 

Vinnarskalle er bevisst på kva verdier som ligg i Story-telling. På ein slik måte at dei "rører", og dermed skaper reaksjonar og handling hos dei me treff.