For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl-tasten (cmd-tast på Mac) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Kommunikasjon

Merkevarebygging - skal skape dei rette kjenslene

Logoen er vårt "merke" og ansikt utad. Men kva folk tenkjer og gjer når dei ser vårt merke er basert på deira opplevingar og gjerne "rykte"... Dei som ikkje har erfaring med oss skal oppfatta oss som "tiltalande"...

 

Merkevarebygging oppstod i Europa og Nord-Amerika på 1800-talet.

På grunn av urbaniseringa flytta mange inn til byane, og inn i eit kaos av produkter. Dette førte til at merkevarebygginga utvikla seg til å knytta verdier opp mot produktet, og at innpakninga vart viktig.

 

Markedsføringa vart retta mot målgrupper, og spelte mykje på personlegdom. Kjøparen byrja å spørja etter produkter ut fra merkenavnet, og dette er årsaka til dagens tillit/mistillit til varer me ikkje kan prøva før bruk.

 

For å få til eit suksessrikt merke må ein derfor vinna kundanes tillit. Kunden skal vita at han får det same uansett kor han er, kven han treff osv. Ein Big Mac eller ei Bergans jakke er identiske, uansett kor ein kjøper.

 

Merkevarebygging er å gi ei vare eller teneste verdier, slik at kjøparen får ei kjensle av å ha kjøpt meir enn berre produktet/tenesten. Merkevarebygging går ofte ut på at ein tilfører produktet eit symbol eller logo, som etter fleire år med bevisst markedsføring skal føra til at kundane forbinder produktet med kvalitet og/eller visse eigenskaper og fordeler, og over tid utviklar tillit til produktet.

 

Nøkkelordet for å lukkast med merkevarebygging er særpreg, eller meir presist; differensiering. Merkevara må skilja seg ut frå konkurrentane og vera unikt. Difor er det viktig å konkret finna ut kva budskap ein skal spela på i markedsføringa av produktet/bedrifta. Budskapet bør ta utgangspunkt i den definerte målgruppas behov.

 

Dette skal Vinnarskalla bidra til.