For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl-tasten (cmd-tast på Mac) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Blogg

Tilbake til blogglisten

Har di bedrift ein plan for framtida som er god musikk i alle sine øyrer?09.01.2015

Skal ein få til noko slikt er det ofte viktig å få heile laget til å vera einige om spelestilen. Klare roller, forbetring av prosessar, motivasjon og klar handlingsplan når ein reiser frå samlinga. I dette tilfellet var alle 15 svært samstemte og motiverte når samlinga var over. Nå gjenstår "berre" å gjera det ein har kome fram til... 

Slik såg programmet ut fredagen:

 

Leiinga informerte

Om bransjen, investeringar, konkurrentane, markedet

 

GAP-analyse

Alle gav karakter på kor ein står i dag på ulike område. Ein avslutta dagen med å plukka ut nokre punkter som skulle forbetrast. Av kven og når det skulle vera på plass.

 

Lørdagen:

Oppsummering av beslutningane

Var det me beslutta fredagen "rett"?

 

Presentasjon av ny merkevarestrategi

Nytt produktnavn, nettside, salgsarbeid

 

Kva skal den enkelte bli betre på

Alle forplikta seg til personlege forbetringstiltak

 

Kundevisjon

Ulike grupper laga tenkte utsagn frå kundar som me ynskte kundane skulle sei

 

Lysten til å prestera

Samlinga vart avslutta med eit foredrag om kva som gir lyst og kva som fjernar lysta til å prestera. 

Skal ein få god musikk ut av høgtalerane må alle vera samstemte...

Me ser fram til å arbeida vidare med denne bedrifta slik at ein oppnår dei overordna måla ein har satt seg.

Skulle du ynskja høgare omsetning og/eller betre marginar, så meld frå:)

Attende