For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl-tasten (cmd-tast på Mac) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Blogg

Tilbake til blogglisten

Ein film kan vera ualminneleg god reklame13.02.2015

Når Etne Sparebank bestemte seg for også å gå til filmen, starta jobben med å utvikla sjølve kongstanken som me skulle byggja filmen på.

 

Slagordet (merkevareideèn) til Etne Sparebank er: - med heile vegen! Me starta ideprosessen og humor kom tidleg på banen. Ikkje minst å treffa dei yngre. Me jobba også vidare med tanken om å spela på "ho der Etne Sparebank". Ei "mor" som bryr seg om alt og alle. Litt vel ivrig kanskje, men alt er godt meint. Ho skulle vera med heile vegen. Me meinte også me hadde funne ho som kunne fylla rolla.

 

Deretter var det å laga storyen, kontakta lokale aktørar og engasjera mange. Ikkje minst var dette lagbyggande internt. Reklamelåt vart også laga og innspelt med lokale aktørar.

 

Etter at filmen vart presentert med full Litlesal for nokre dagar sidan har det meir eller mindre tatt heilt av.

 

Skulle du vurdera ein reklamefilm for di bedrift? Ta kontakt for uformell prat.

 

Her har du link til filmen. Litt nede på facebook-sida til Etne Sparebank. Håpar du kosar deg:)

 

Helsing an`Frank

 

Attende